17
Jun

17 June | 10:00 - 11:00 | Webinar | Open for all

Forskningsrådet inviterer til webinar om SKATTEFUNN.

Webinaret passer bedrifter i hele bredden av næringslivet, både for de som har søkt tidligere og de som skal søke for første gang.

Arrangementet vil vere ein uformell spørsmål-og-svar-seanse der det er mogleg å stille spørsmål om SkatteFUNN-ordninga, og om korleis vi som SkatteFUNN-saksbehandlarar vurderer søknadene.

Det vil ikkje bli gitt nokon presentasjon av SkatteFUNN på seminaret. Konseptet er at vi konsentrerer oss om dei spørsmåla som blir stilte. Dei spørsmåla vi ikkje kan svare på der og då, vil vi prøve å komme tilbake til.

Det er også mogleg å sende inn spørsmål på førehand, om det er ønskjeleg til skattefunn@forskningsradet.no – merk e-posten med “WEBINAR-SPØRSMÅL” i emnefeltet.

Vi held på i inntil éin time, så lenge det er spørsmål og nyttige diskusjonar.

Opptak av webinaret vil bli sendt til alle påmelde.

Les meir om SkatteFUNN på nettsidene til Forskningsrådet


Register