14
Nov

14 November | | | Open for all

Til firma og etatar som har aktivitetar innanfor energi

Universitetet i Agder er no godt i gang med haustsemesterert, og det nærmar seg tid for at studentane skal gjere eit val av bacheloroppgåver som er ei avslutning på det treårige ingeniørstudiet i fornybar energi (https://www.uia.no/studier/fornybar-energi-ingenioerfag). Me har om lag 60 sisteårsstudentar som skal skrive oppgåver, åleine eller i grupper.

Studentane og UiA set pris på om dykk kan bidra med eksterne prosjekt som både er til nytte for studentane og bedriftene/etatene.

Mange studentar har elektrofag som hovudinteresse, medan andre har spesialisering innanfor varme og forbrenning. Sjå gjerne på nettsida vår for kursa dei følgjer (https://www.uia.no/studier/fornybar-energi-ingenioerfag)

For at prosjektet skal lukkast er det viktig at oppdragsgivar engasjerar seg noko. Sjå vedlagt kontrakt for spesifikasjonar. Det skal også vere ein intern veileiar frå UiA som vil følgjer studentane gjennom prosjektet.

Ei prosjektgruppe for bachelorstudentar kan gjerne vere ei gruppe, så dersom de ser for dykk eit tal på studentar på prosjekt, gi gjerne eit slikt tal.

Me reknar med å leggje fram prosjekta for studentane 15.november, og ynskjer difor innspel så fort som mogleg. Om dykk ynskjer å presentere prosjektet sjølve for studentane, så er dykk klart velkomne til det. Gi gjerne beskjed om dette når dykk leverar oppgåva.

Om nokon av dykk har sendt inn oppgåver tidlegare som ikkje har blitt valde, send dei gjerne på nytt.


Skildring av oppgåva skal vere definert og innehalde følgjande

  • Arbeidstittel
  • Motivasjon (kort om kvifor arbeidet er av interesse)
  • Mål og delmål
  • Viktige føresetnadar og avgrensingar
  • Evt. tidlegare arbeid som prosjektet skal bygge på
  • Forventa resultat
  • Skildre leveranse (dersom prosjektet skal resultere i meir enn ein rapport, til dømes dataprogram, prototype, maskinteikningar, brukermanual, etc. )

Standardavtale eksterne studentprosjekter UiA 2021-2022

Send bacheloroppgåver til oss på tore.vehus@uia.no

Ta gjerne kontakt dersom noko er uklart.

Vonar å høyre frå dykk.


Med vennleg helsing
Tore Sandnes Vehus
Studieprogramleiar Fornybar Energi
Fyrsteamanuens, PhD
Instiutt for ingeniørvitenskap
Universitetet i Agder
975 18 113